Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Utdanning > Rundskriv > 2006 > Rundskriv 5/06 Plakatar med svarfrist på tilbod om vidaregåande opplæring 2006/2007

Rundskriv 5/06 Plakatar med svarfrist på tilbod om vidaregåande opplæring 2006/2007

Jnr./Arkiv:                              Molde, 12.05.2006
MR 9178/2006/062
 
Til:
Dei vidaregåande skolane i Møre og Romsdal
Ungdomsskolane i Møre og Romsdal
Aetat i Møre og Romsdal
Biblioteka i Møre og Romsdal
 

Vedlagt følgjer plakatar med opplysning om internettadresse og svarfrist, som vi ber om at de heng opp godt synleg. Vi håper at informasjon om tilbod og svar på Internett, skal nå alle søkjarane våre.

Dei aller fleste elevane som har søkt om inntak til vidaregåande opplæring i Møre og Romsdal registrerte søknaden sin på Internett. Dei som har søkt etter søknadsfristen gjekk ut 1. mars, har sendt inn søknad på papir eller e-post.

Elevane vil også i år få svar på kva tilbod dei får på Internett, og dei skal svare JA eller NEI til tilbodet på same stad:

www.vigo.no

Melding på SMS om plass eller venteplass

For dei som har opplyst om mobiltelefonnummer på søknaden sin, så vil vi sende ut ein SMS med opplysning om at inntaket er kjørt, og at dei kan logge seg på www.vigo.nofor å få opplysning om kvar dei er tatt inn/venteliste plass, og for å registrere svar på tilbod. Denne SMS meldinga vil innehalde opplysning om BrukarId og Passord for pålogging. BrukarId og Passord er det same som søkaren brukte ved innlegging av søknad.

For dei søkjarane som har sendt inn søknad om inntak etter fristen, og som ikkje tidlegare har fått tilsendt BrukarId og Passord, vil vi tildele BrukarId og Passord om ikkje så lenge. Opplysning om dette blir sendt ut i brev til søkjarane.

Førehandssvar og sjekking av mobiltelefonnummer

Det er også viktig at skolane hjelper til med å informere søkjarane om at det er mogeleg å gå inn på søknaden sin på www.vigo.nofor å endre på mobiltelefonnummer og legge inn førehandssvar, heilt fram til 1. juli.

Det er viktig at dei sjekkar at mobiltelefonnummeret er riktig og at dei har oppgitt nummeret til ein telefon som er i bruk av søkjaren.

Sidan melding om inntak vert sendt ut midt i ferietida, oppfordrar vi til at flest mogeleg av dei som trur dei kan vere bortreist i denne tida, legg inn førehandssvar.

Det dei svarar JA til, er: - at dei ønskjer å ta imot tilbodet dei får, og til å stå på venteliste til

høgare ønske dersom dei ved 1. inntaket får tilbod om eit lågare ønske.

Då slepp dei å vere redde for at dei mister tilbodet, og så kan dei gå inn på Internett og sjå kvar dei er komen inn, når dei kjem heim frå ferie.

Svar på Internett – sjølv om søkjaren ikkje har mobiltelefon

Dei søkjarane som ikkje har oppgjeve mobiltelefonnummer på søknaden sin, vil få svarkort i posten som tidlegare, men også desse kan gå inn på Internett å svare på tilbod om plass. Dei brukar då same BrukarId og Passord som ved innlegging av søknad.

Purremelding i posten

Vi sender ut purremelding (med svært kort frist) til dei som ikkje har svara på 1. inntaket, når svarfristen går ut 17. juli. Purremeldinga vert sendt ut på svarkort i posten som tidlegare.

Søkjarane kan gå inn på www.vigo.noog sjå kva dei er kome inn på. Dei kan svare på tilbod frå og med 10. juli for 1. inntaket og frå og med 7. august for 2. inntaket.

SVARFRIST FOR 1. GONGS INNTAK ER 17. JULI

SVARFRIST FOR 2. GONGS INNTAK ER 10. AUGUST

Tilgang til Internett

Vi veit at alle ikkje har tilgang til Internett, men vi håper at alle kjenner ein eller annan som har Internett, anten det er naboar, kameratar eller slektningar, som kan låne dei Pc-en ei lita stund. Det tek berre ca 1 minutt å lese gjennom tilbodet og leggje inn eit svar. Det finst også tilgang til Internett i ein del offentlege rom, som internettkafear, bibliotek eller hos Aetat.

Svar på tilbod på Internett gjeld berre for ordinære søkjarar. Søkjarar som får tilbod gjennom særskiltinntaket, vil få brev om tilbod med svarslipp som tidlegare.

Informasjon om svarfrist finn de og på www.vilbli.nounder "Informasjon fra Møre og Romsdal".

 

Per Hoem

Anita K. Waatvik

Vedlegg:
Fylkesdirektøren
Fylkesordføraren
Lærarorganisasjonane
Utdanningsutvalet
Yrkesopplæringsnemnda