Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Utdanning > Rundskriv > 2007 > Rundskriv 2/07 Innhenting av karakterar frå 1. termin

Rundskriv 2/07 Innhenting av karakterar frå 1. termin

Frå: Til:
Utdanningsavdelinga Til ungdomsskolane i Møre og Romsdal  
 
Dato: Ref:
18.01.2007 MR 1218/2007/062

 
 
 
 
 
 

Det er no klart for innhenting av karakterar frå 1. termin, for avgangselevane skoleåret 2006/2007. Terminkarakterane vil hjelpe oss i inntaksarbeidet, og gir oss eit grunnlag for prøveinntak. Terminkarakterane kjem ikkje i konflikt med dei endelege karakterane.
 
Før hovudinntaket i juli har vi svært korte tidsfristar, og vi er avhengige av at dataoverføringane frå skolane går greitt. Innhenting av terminkarakterane er difor og ein viktig test for skolane.
 
Utdanningsavdelinga ber om at alle ungdomsskolane sender inn terminkarakterane på
e-post til adressa: inntak@mrfylke.no
 
Alle grunnskolane skal nytte sitt skoleadministrative system til å sende inn karakterane med. Pass på at De har oppdatert til den siste versjonen av det skoleadministrative systemet.
 
Vi reknar med at alle skolane allereie har lagt inn elevane sine og oppretta grupper fordi vi fikk oversendt avgangselevane på fil frå grunnskolane før jul. Registrer karakterar på elevane, men pass på at skoleår og termin er sett i programmet før data vert lagt inn. For dei skolane som nyttar WIS skal data til Utdanningsavdelinga leggast ut på fil ved at de vel ”Utskrifter” og så rapporten ”Inntakskontor, karakter fil”. Alle karakterar som er registrert på elevar i 10. trinn blir då lagt over på ei fil som de plasserer enten på skrivebordet på datamaskinen, eller i ei mappe der de kan finne den igjen.
 
Om De vil sjekke at fila har rett innhald, kan den opnast i ”Notisblokk”.Filnamnet er sett saman slik: skolenr + 3 bokstavar frå skolenamnet, til dømes: 15506bek.vgo (Bekkevoll ungdomsskole). Sjekk at fila har dagens dato.
 
Det kan vere lurt å slette gamle vgo-filer før de lager ei ny, då den nye fila kan ha same namn som gamle vgo-filer som ligg der frå før. Fila skal sendast til Utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal på e-post.
 
Kontrollarbeid:
Før de sender inn fila på e-post, ber vi om at de kontrollerer at:
Det berre er brukt lovlege karakterar.

  • Karakterfila må innehalde både fødsels og personnummer, til saman 11 siffer. For at rett elev skal bli registrert med rett karaktersett, er det heilt avgjerande at fødsels- og personnummer er rett.
  • Karakterar i fag avslutta i 8. og 9. klasse skal vere med i karakterfila.
  • Elevar som går 11. skoleår har krav på å nytte dei beste karakterane frå 10. og 11. skoleår ved inntak til vidaregåande skole. Karakterfila må innehalde dei beste karakterane i dei enkelte faga.
  • Vi treng også karakterfil for dei elevane som har søkt om inntak på grunn av behov for særskilt tilrettelegging. Dei fleste av desse skal konkurrere om ein plass ut frå karakterar frå grunnskolen.

Vi viser også til forskrift i opplæringslova kapittel 3. Samt skriv frå eksamenssekretariatet (SUE) av 14.02.00 om nye vitnemål og vitnemålsprotokollar.
 
Frist for innsending:
Fredag 26. januar 2006, må skolane ha sendt karakterfila på e-post til inntak@mrfylke.no
 
Ta kontakt med oss dersom De har spørsmål eller treng rettleiing for å sende fila.