Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Utdanning > Rundskriv > 2007 > Rundskriv 4/07 God Helse - Rus og rusmiddel i vidaregåande opplæring

Rundskriv 4/07 God Helse - Rus og rusmiddel i vidaregåande opplæring

Til Dei vidaregåande skolane
 
Ref: MR 2604/2007
 
Dato 05.02.07

Rundskriv 4/07 God Helse - Rus og rusmiddel i vidaregåande opplæring
               a) Tidleg intervensjon
               b) Rusførebygging
 
 
Vi viser til rundskriv 22/06 ”Kompetanseutvikling våren 2007”, der det også er varsla om kompetanse-utviklingstiltak knytt til God Helse-satsinga, og der det er peikt på at det i 2007 vil bli lagt opp til tiltak for å styrke kompetansen i vidaregåande opplæring når det gjeld å handtere utfordringar knytt til rus og rusmiddel.
 
Vi minner i den samanhengen om  :
 
a) samlinga som Trygg Trafikk skal ha i Ålesund 14-15 02 saman med politiet og utdanningsavdelinga for russestyre. (Workshop Russ 2007).  Vi reknar med god oppslutning frå skolane her.
 
b) 2 dagsamlingar våren 2007 :
 
I. Temadag (14 03 i Spjelkavik for søre del av fylket, og 21 03 i Kristiansund , for nordre del av fylket) i samarbeid med Midt-Norsk kompetansesenter for rusfaget, om tidleg intervensjon, under overskrifta
 
”Om å se elever med skadelige rusmiddelvaner, og hvordan vi handler på det vi ser”.
Førelesarar Rita Valkvæ og Ingjerd Woldstad, Midt-Norsk kompetansesenter for rusfaget. (jf vedlegg)
 
II 2 dagarsamlingar hausten 2007 : 19 09 i Spjelkavik (for søre luten)  og 26 09 i Kristiansund.
Om generell førebygging av rusproblem – framgangsmåtar, idear, nettverk, ”oppskrifter”.
 
 
Om deltakinga: Det er viktig at skolane vurderer deltakinga nøye : 
Til første dagsamlinga er det naturleg at skoleleiinga er representert, like eins rådgjevar, helsesøster og eventuelt representant for kontaktlærarane. Også representantar frå PP-tenesta kan vere aktuelle og ønskelege deltakarar.
 
På den andre samlinga er det også ønskeleg at leiinga er representert, dessutan er det viktig med kontaktlærar(ar) og elevrådsrepresentant(ar), og eventuelt PPT. Skolen bør sørge for at nokon frå skolen ”overlappar” , dvs. deltar på begge samlingane.
 
 
For å få mest mogleg ut av kursdagane, er det også viktig at skolen på førehand tenker mest mogleg gjennom kvar skolen står i rusarbeidet i dag, og på kva for område skolen har behov for å styrke kompetansen. Dette vil bli viktige innspel å ta med vidare i planlegginga av samlingane til hausten.
 
 
Totalt tenker vi oss 3-4 deltakarar per skole per samling, dvs. 30-40 deltakarar per dagsamling.
Samlingane er gratis, men skolane må dekke reise og eventuelle vikarutgifter. Skolane vil under samlingane også bli utfordra til utviklingsarbeid innanfor temaet.
 
Samlingane blir arrangert ved Spjelkavik vgs  og  ved Kristiansund vgs, innanfor ei tidsramma frå kl 0900-1530 . Vi ber om påmelding frå skolane for vårsamlingane seinast måndag 5. mars, og at dei blir sende til utdanningsavdelinga v/Ruth Elin Aure.
 
 
 
 
 
 
 
 
Gjenpart:
Fylkesdirektøren
Fylkesordføraren
Lærarorganisasjonane
Utdanningsutvalet
Yrkesopplæringsnemnda
PP-tenesta  (14 kontor)
God Helse v/ Ann Helene Skare og Svein Neerland
Midt-Norsk Kompetansesenter for rusfaget v/Rita Valkvæ
Elev- og lærlingombodet
Elevorganisasjonen