Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Fagavdelingar > Utdanning > Rundskriv > 2007 > Rundskriv 6/07 Den kulturelle skolesekken og God Helse-programmet i vidaregåande skole - ei vidareutvikling av kultur- og nettverksskolekonseptet

Rundskriv 6/07 Den kulturelle skolesekken og God Helse-programmet i vidaregåande skole - ei vidareutvikling av kultur- og nettverksskolekonseptet

 

Frå: Til:
Utdanningsavdelinga Dei vidaregåande skolane  
Dato: Ref:
14.05.2007 MR 10124/2007/062

 
 
 
 
 
 

Den kulturelle skolesekken og God Helse-programmet i vidaregåande skole - ei vidareutvikling av kultur- og nettverksskolekonseptet
 
Møre og Romsdal fylke har, som eit av sju fylke, blitt plukka ut som pilotfylke for å vidareføre satsinga på Den kulturelle skolesekken frå grunnskolen og over i vidaregåande skole.
 
Pilotprosjektet skal gjelde for skoleåret 2007/2008, og Møre og Romsdal fylke har 1,6 millionar til disposisjon fordelt på 1 000 000,- i statlege midlar og 600 000,- i fylkesmidlar.  I tillegg har vi 500 000,- frå fylket som er knytt til God Helse-programmet.
 
9 av dei vidaregåande skolane i fylket har i tre år vore kultur- og nettverksskolar som eit resultat av eit samarbeidsprosjekt mellom utdanningsavdelinga- og kulturavdelinga i fylket.  Skolane har i tillegg til kultursekken hatt eit forpliktande fokus på førebyggande helsearbeid i regi av God Helse- programmet. Fleire skolar har gjennom desse tre åra gjort mykje bra arbeid i samband med deltakinga, men engasjementet har vore variabelt frå skole til skole. Derfor opnar vi no for at alle dei vidaregåande skolane kan søkje om å bli med når Den kulturelle skolesekken og God Helse-programmet skal utvidast.
 
Alle skolar i fylket som søkjer vil få delta i prosjektet, men dei ni noverande kultur- og nettverksskolane må altså søkje om fornya deltaking.
 
Dette gjer vi for å sikre at skolane er motiverte for å delta i prosjektet, og av den grunn vil gi satsingane innan Den kulturelle skolesekken og God Helse-programmet den naudsynte plassen i skolekvardagen.
Prosjektet har altså to hovudfokus:

  1. Den kulturelle skolesekken – profesjonelle turnerande kulturtilbod til skolane innan musikk, film, dans, teater, visuell kunst, litteratur og kulturarv. Oppsettet for tilboda vil bli presentert ved starten av skoleåret. Ved ei eventuell vidareføring av prosjektet, vil skolane bli invitert til førehandsvisningar av tilboda i januar. Grunna kort førebuingstid frå tildeling av midlar til gjennomføring, vil årets prosjekt bli gjennomført med informasjon om tilboda ved skolestart. Det vil og bli moglegheit til å bestille verkstadstilbod til skolane for å sikre den eigenaktive eleven innan kulturområdet.
  2. God Helse-programmet - Dei 5 fokusområda i ”God Helse”, er førebyggande tiltak innan fysisk aktivitet, kosthald, tobakk, rus og psykisk helse. I løpet av skoleåret vil God Helse-programmet tilby kurs for elevar og lærarar innan nokre av fokusområda.

Deltaking i prosjektet inneber gjensidige forpliktingar frå sentraladministrasjonen i Møre og Romsdal fylke og den enkelte skole.
 
1. Kultursekken
Sentraladministrasjonen skal:

  • Levere og administrere profesjonelle kunst- og kulturproduksjonar av høg kvalitet innanfor den gjeldande økonomiske ramma
  • Dekkje alle utgifter knytt til prosjektet, inklusive elevtransport og leige av eksterne lokale om naudsynt
  • Gi informasjon om tilboda i god tid via nettstaden www.kultursekken.no
  • Arrangere informasjonsmøte om prosjektet ved skolestart hausten 2007
  • Evaluere prosjektet

Den enkelte skole er forplikta til å:

  • Halde seg løpande orientert om prosjektet via nettstaden www.kultursekken.no
  • Leggje til rette for kulturtilboda på skolane med naudsynte faglege førebuingar og med eigna lokalitetar, evt nytte busstransport til eigna lokalitetar
  • Oppnemne ein kontaktperson for prosjektet som deltek på informasjonsmøte, hentar informasjon på nettstaden www.kultursekkenm.m
  • Informere alle lærarar og elevar om prosjektet
  • Bidra til å evaluere prosjektet

2. God Helse-programmet
Sentraladministrasjonen skal:

  • Løyve midlar til lokalt folkehelsearbeid ved skolen.
  • Gje fagleg støtte og tilby kompetanseheving.
  • Arrangere og dekke utgifter til faste felles samlingar.
  • Tilby verktøy som kan nyttast lokalt i God Helse arbeidet. 

Den enkelte skole er forplikta til å:

  • Oppnemne ein kontaktperson for God Helse.
  • Opprette ei styringsgruppe med minimum 50% elevdeltaking til å leie God Helse satsinga ved skolen.
  • Gjennomføre minimum eit nytt tiltak innanfor minimum tre av fokusområda i løpet av skoleåret.
  • Sende elevar på minimum eit kurs som vert skreddarsydd for skolane.
  • Delta på samlingar og halde reiseutgifter.
  • Skrive ein enkel årsrapport.

Vi vonar at prosjektåret vil gi gode erfaringar som gjer at ordninga kan bli permanent frå og med skoleåret 2008/2009.
Søknadsfristen er 10.6.07 og søknaden må innehalde namn på kontaktperson på skolen som er ansvarleg for å følgje opp prosjektet.
 
 

Per Hoem     Arvid Blindheim
fylkesutdanningsdirektør     kulturdirektør

 
 
 
 
Gjenpart:
Fylkesdirektøren
Fylkesordføraren
Lærarorganisasjonane
Utdanningsutvalet
Yrkesopplæringsnemnda
Kulturutvalet