Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Elevar frå Spjelkavik vgs på Nasjonalt vindenergisenter Foto: Spjelkavik vgs

Klimasatsing på tvers

Klimautfordringane krev god kompetanse, innovasjon og samhandling mellom fleire ulike sektorar. Målet med prosjektet var å gi ungdom i vidaregåande opplæring auka kunnskap, kompetanse, motivasjon og eigen handlekraft innan klima- og miljøutfordringane.

Bakgrunn for prosjektet

Eit av dei gjennomgåande perspektiva i fylkesplanen til fylkeskommunen i Møre
og Romsdal er klima og miljø. Møre og Romsdal skal ha levande lokalsamfunn med
lokalt forankra næringsliv og gode bu- og oppvekstmiljø.

I handlingsplan for Fylkesplanen er hovudmål 6: Møre og Romsdal skal ha ein
berekraftig bruk av naturressursane.

Vi har hatt fokus på ungdom, klima og miljø. Vi ynskja å engasjere ungdom i fem
vidaregåande skular og kommunene i tema knytt til klima, miljø og vatn med midlar vi
fekk frå Miljødirektoratet (Klimasatsmidlar), i samarbeid med Ungt Entreprenørskap
og dei tre sentra for fornybar energi.

Vårt oppdrag har som mål å ha overføringsverdi og vi ynskjer å dele vår erfaring med
andre fylkeskommuner der Ungt Entreprenørskap og kompetansesenter får vere
med å dele av sin kunnskap til elevar, lærarar og næringsliv.

Vi trur og meiner at dette er ein god måte å arbeide opp i mot morgendagen sine
beslutningstakarar - nemleg elevane.

De finn ferdige presentasjonar og tips til undervisning finn de på skya til fylkeskommunen. 

Kontaktpersonar

Kristin Glæstad Vonheim Kristin Glæstad Vonheim
Rådgivar
71 28 04 05 /
Mob. 936 85 610
Send e-post