Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Helse- miljø og sikkerheit

Kva er HMS?

HMS oversiktsgraf

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er knytt til den viktigaste produksjonsfaktoren vår - dei tilsette i organisasjonen og kvaliteten på dei tenestene vi leverer.  For at brukarane våre skal få kvalitativt gode tenester i trygge omgivnadar, er det viktig at vi trivst med jobben og kan stole på at vi har eit trygt og godt arbeidsmiljø. HMS skal inngå i alle aktivitetar, frå langtidsplanlegginga til den daglege drifta. Også vern av det ytre miljø mot forureining og ei betre handtering av avfall skal ivaretakast gjennom HMS-systemet.

HMS-systemet er basert på eit rammeverk som er delt inn i 8 kapittel, under dette har vi lokale HMS system for dei ulike skolane, klinikkane og avdelingane. Desse lokale systema er basert på inndelinga i systemhandboka.

I Møre og Romsdal fylkeskommune skal forbetringsarbeidet innan HMS-området vere eit klart definert leiaransvar som skal kanaliserast mest mogleg gjennom kvalitetssystemet for HMS.

I menyen til venstre finn du meir informasjon om korleis HMS-systemet i fylkeskomunen er oppbygd og dei viktigaste informasjonselementa.


HMS-rapportering 2019 for tilsette og elevar

HMS-årsrapportane frå driftseiningane utgjer eit viktig kunnskapsgrunnlag for prioritering av tiltak og for å vidareutvikle og forbetre HMS-rutinane. Ut frå svara lagar vi ein sentral HMS-årsrapport. Fristen for innsending er sett til 20. januar 2020.

Les meir

Temadagar om sjukefråver og arbeidsmiljø

I vinter vil personalseksjonen arrangere temadagar om sjukefråversoppfølging. Dette vil vi gjere sektorvis for å kunne tilpasse opplegget best mogeleg for dei ulike målgruppene. For skolane arrangerer vi to to temadagar: ein i Kristiansund og ein i Ålesund.

Les meir

HMS kursmodul 3: Fysisk arbeidsmiljø 21. november

Som ein del av HMS-opplæringa, arrangerer personalseksjonen  kurs i arbeid med fysisk arbeidsmiljø den 21 november 2019. Det eit krav at deltakarane på førehand skal ha gjenomført dei tre eLærings-modulane om risikovurdering. Desse modulane er ein sentral del av kurset.

Kurset blir arrangert på Vestnes Fjordhotell, Vestnes

Les meir

HMS-fagnettverk 24. oktober 2019 på Vestnes fjordhotell

Vi ønskjer velkommen til møte i HMS-fagnettverk hausten 2019.  Samlinga er lagt til Vestnes Fjordhotell. Hovudtema blir eit litt kritisk blikk på rutinene rundt HMS-systema våre.

Les meir

Innhenting av informasjon vedrørende bytte av elektronisk stoffkartotek

Som flere kjenner til så har vår leverandør av elektronisk stoffkartotek Essenticon (SafeUse) blitt oppkjøpt av vår tidligere leverandør av elektronisk stoffkartotek Eco Online. I den forbindelse ønsker vi å gjøre noen administrative endringer for å gjøre systemet lettere å administrere, og å holde antallet stoffer i omløp så lavt som mulig.

Les meir

HMS årsrapport 2018

I høgremargen på denne sida kan du laste ned HMS-årsrapport for 2018. Rapporten gir ein fakta-oversikt over status på ulike område som er relatert til HMS. Det vi vil kommentere her er avviksmønsteret, risikovurdering og sjukefråversmønsteret.

Les meir

Førebygge vald og truslar på skolane

Mange skolar og kommunar må jobbe betre med å førebygge vald og truslar, og dei har behov for meir kunnskap om korleis dette kan gjerast. Det er Arbeidstilsynet sin konklusjon etter tilsyn med 93 skolar i 2018. 

Les meir

HMS-fagnettverk 8. mai 2019 på Vestnes fjordhotell

Vi ønskjer velkommen til møte i HMS-fagnettverk våren 2019. Denne gongen er samlinga lagt til Vestnes Fjordhotell på Vestnes. Hovudtema blir varsling

Les meir

Vidareføring av eigenmeldingsordninga i Møre og Romsdal fylkeskommune

Sjølv om eigenmeldingsordninga ikkje er vidareført i den nye IA-avtalen vil fylkeskommunen vidareføre ordninga med eigenmelding på innil 8 kalenderdagar pr eigenmeldingsperiode. Ved sjukemelding inntil 8 kalendardagar skal eigenmelding nyttast – ikkje legemeldt sjukefråver.

Les meir

HMS kursmodul 3: Fysisk arbeidsmiljø

Som ein del av HMS-opplæringa, arrangerer organisasjonsavdelinga kurs i arbeid med fysisk arbeidsmiljø den 28. februar 2019. Det eit krav at deltakarane på førehand skal ha gjenomført dei tre eLærings-modulane om risikovurdering. Kurset blir arrangert på Borgund vgs. i Ålesund.

Les meir

Kontaktpersonar

Martin Hauge Martin Hauge
Seniorrådgivar
71 28 01 74 /
Mob. 957 43 270
Send e-post
Richard David Anthony Muller Richard David Anthony Muller
Kommunalsjef
71 28 01 73
Send e-post
Iver Kåre Mjelve Iver Kåre Mjelve
Rådgivar
71 28 01 52 /
Mob. 976 92 994
Send e-post
Preben Geir Irvung Preben Geir Irvung
Personalsjef
71 28 04 58 /
Mob. 482 05 539
Send e-post
Stein Ove Lianes
Fylkeshovedverneombud (FHVO)
Mob. 901 53 623
Send e-post

Arbeidsmiljøloven - krav til HMS

§ 3-1.Krav til systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid

(1) Grunnlag

For å sikre at hensynet til arbeidstakers helse, miljø og sikkerhet blir ivaretatt, skal arbeidsgiver sørge for at det utføres systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid på alle plan i virksomheten. Dette skal gjøres i samarbeid med arbeidstakerne og deres tillitsvalgte.

(2) Systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid innebærer at arbeidsgiver skal:

a) fastsette mål for helse, miljø og sikkerhet,
b) ha oversikt over virksomhetens organisasjon, herunder hvordan ansvar, oppgaver og myndighet for arbeidet med helse, miljø og sikkerhet er fordelt,
c) kartlegge farer og problemer og på denne bakgrunn vurdere risikoforholdene i virksomheten, utarbeide planer og iverksette tiltak for å redusere risikoen,
d) under planlegging og gjennomføring av endringer i virksomheten, vurdere om arbeidsmiljøet vil være i samsvar med lovens krav, og iverksette de nødvendige tiltak,
e) iverksette rutiner for å avdekke, rette opp og forebygge overtredelser av krav fastsatt i eller i medhold av denne lov,
f) sørge for systematisk arbeid med forebygging og oppfølging av sykefravær,
g) sørge for løpende kontroll med arbeidsmiljøet og arbeidstakernes helse når risikoforholdene i virksomheten tilsier det, jf. bokstav c,
h) foreta systematisk overvåking og gjennomgang av det systematiske helse-, miljø- og sikkerhetsarbeidet for å sikre at det fungerer som forutsatt.
(3) Departementet kan i forskrift gi nærmere bestemmelser om gjennomføringen av kravene i denne paragraf, herunder om krav til dokumentasjon av det systematiske helse-, miljø- og sikkerhetsarbeidet.