Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

1. Mål

Illustrasjonsbilde

1.1 Retningsmål for HMS-arbeidet  

  • Møre og Romsdal fylkeskommune vil gjennom eit integrert kvalitetssystem søkje å førebyggje mot personulykker, helseskadar, materiellskadar og driftsavbrott.  
  • Møre og Romsdal fylkeskommune skal gjennom medveten miljøleiing leggje omsynet til ytre og indre miljø til grunn for all si verkemd.  
  • Møre og Romsdal fylkeskommune vil gjennom å halde ein god standard for helse, miljø og sikkerheit, leggje til rette for ei styrking av kvaliteten på produksjonen av Møre og Romsdal fylkeskommune sine tenester.  

1.2 Resultatmål (oppdatert etter vedtak i HSAMU 09.04.2013 og justert 31.5.2016)  

Fylkesrådmannen har fastsett desse sentrale resultatmåla:

Mål-1 Alle tilsette i driftseininga skal ha ein årleg medarbeidar-/utviklingssamtale, jf. fylkeskommunens ”Rettleiar for medarbeidar- og utviklings-samtalar”
Mål-2

Alle einingane skal ha eit operativt HMS-årshjul der desse aktivitetane blir utført på fastsette tidspunkt i året:

  • Vernerunde med tilknytta risikovurdering og avviksbehandling
  • Utarbeide og følge opp handlingsplanar og BHT-periodeplan
  • IA-arbeidet skal vere dokumentert i periodeplanen og IA-rutinane skal vere godt kjent i eininga
  • Årsrapportering,
  • Revisjon av HMS-dokumentasjon på nett
Mål-3 Kontaktmøter med verneombod/AMU og tid til
verneombodsarbeid skal avtalast mellom leiar og verneombod i den enkelte driftseining.
Dette skal ha utgangspunkt i ei avklaring av verneombodet si rolle og deltaking i HMS-årshjul aktivitetane.
Verneombodsaktivitetane dette utløysar skal vere synleggjort i verneombodet sin arbeidsplan. Jfr. notat vedr. vernombodsarbeid 9.10.2013
Mål-4 Alle driftseiningane skal nytte det elektroniske Forbetrings- og avvikssystemet RiskManager til avviksbehandling og risikovurdering. Avviksrapportane og risikovurderingane skal handsamast av lokale AMU.
Mål-5 Kvar driftseining skal tilpasse sine interne rutinar slik at krava til Miljøfyrtårnverksemd er oppfylte (jfr. sertifiseringskrava)

   

Alle driftseiningane i Møre og Romsdal fylkeskommune skal rapportere på status i  høve til desse måla i løpet av januar kvart år. (Dato blir fastsett i eige rundskriv, sjå  elles kap. 5).  

1.3 Målorientering som "motor" i HMS-arbeidet  

Målorientering vil gjennomsyre kvalitetssystemet. Vi ser måla og målstyringsprinsippet som sjølve “motoren” i kvalitetssystemet.

smarte mål

Fylkesrådmannen  fastset sentrale resultatmål for heile verksemda på HMS-området. Resultatmåla  uttrykkjer det ein vil prioritere, dei gir signal om kva som er viktig å arbeide med og  dei gir føringar for HMS-arbeidet på alle nivå i organisasjonen.  

Driftseiningane fastset eigne resultatmål for å sikre oppfølging av dei sentrale måla og  for å utvikle arbeidsmiljøet i eigne avdelingar.  

Måla skal gjenspeglast vidare i HMS-arbeidsboka. Det inneber at desse kapitla skal  følgje opp måla:  

  • Kap. 4, handlingsplan - dokumenterer korleis HMS-arbeidet er integrert i  handlingsplanen. Måla skal konkretiserast vidare i spesielle tiltak (d.v.s.  korleis måla skal nåast).  
  • Kap. 5, rapportering - dokumenterer korleis HMS er integrert i  årsrapportane. Måloppnåing er eit sentralt punkt  
  • kap. 8, revisjon - dokumenterer korleis måla skal reviderast på faste  tidspunkt i året  

Kva dokumentasjon skal vere oppdatert i lokalt HMS-system:

  • Retningsmål  
  • Resultatmål  

Kva dokumentasjon skal vere oppdatert lokalt

Kva dokumentasjon skal vere oppdatert i lokalt HMS-system på nett:

  • Retningsmål
  • Resultatmål

Presisering av HMS-årshjul aktivitetar

Arbeidsmiljøutvala/samarbeidsutvala og bedriftshelsetenesta vil vere viktige verktøy for å komme opp på den standarden vi ønskjer når det gjeld dokumentasjon av HMS-arbeidet.

Vi har difor gjort nokre presiseringar i høve til årshjul-aktivitetane ved starten av året.

Rutine:

  • Evaluering av HMS-nettsider blir utført i dagane rundt årsskiftet, frist for ferdigstilling bør vere før 10. januar
  • Evalueringa blir lagt i eit dokument som blir kvalitetssikra med Bedriftshelsetenesta før einingane får tilsendt resultata
  • Personalseksjonen sender ut ei påminning til einingane om å få opp
  1. ein plan for AMU-møter i året der møta er datofesta og
  2. frist for utarbeidng av BHT-periodeplan for resten av driftsåret.
  • Periodeplanane skal handsamast på første AMU-møte på skolane og i samarbeidsutvala for tannhelse og sentraladministrasjonen.
  • Det skal arrangerast minst fire AMU-møter i året. Bedriftshelsetenesta skal delta på desse møta.