Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

6. HMS-bibliotek

Illustrasjon

I dette kapittelet finn vi omtale av dei lovene, forskriftene, prosedyrane og standardane som er grunnlaget for HMS-systemet. Kvalitetsystemet skal sikre at desse forskriftene etc. blir etterlevd. Det er ikkje meininga at ein skal kunne alle desse, men ein skal vite kvar dei finst. Det skal også vere eit system for ajourføre biblioteket. 

Vi har fleire nivå av sentrale og lokale forskrifter, prosedyrar etc.
a. Lover og forskrifter utarbeidd av statlege organ
b. Retningslinjer og prosedyrar som gjeld heile fylket
c. Retningslinjer og prosedyrar som gjeld sektoren.
d. Lokale prosedyrar og retningslinjer for skolen, evt. avdelingane

6.1 Sentrale forskrifter og abonnementsystem

Dei lovene og forskriftene som gjeld HMS vil variere mellom dei ulike driftseiningane. Arbeidstilsynet gir ut ei oversikt over aktuelle lover og forskrifter https://www.arbeidstilsynet.no/regelverk/om-regelverket/

Kvar einskild driftseining (skole/avdeling) må avgjere kva for forskrifter som er aktuelle for deira driftseining. Her kan ein plukke ut frå denne oversikten: https://www.arbeidstilsynet.no/tema/

Dei ulike lovene med forskrifter er tilgjengeleg på lovdata

Arbeidstilsynet har lagt ut dei nye forskriftene med rettleiingar i korleis ein finn fram.

Når det gjeld påverkning av det ytre miljøet elles, finn ein oversikt over forskrifter på https://www.arbeidstilsynet.no/regelverk/forskrifter/

Dersom driftseininga har mange lover og forskrifter å ta omsyn til, kan det vere mest praktisk å ha desse i eigne permar, og ha eit system på kvar desse permane er plassert. Dersom dette blir gjort, skal det i HMS-arbeidsboka vere ei liste over dei forskriftene som er aktuelle, og med referansar til kvar dei er å finne. 

Dersom det er få forskrifter å ta omsyn til, kan desse evt. leggjast inn i det lokale HMS-systemet på intranett.

6.2 HMS-retningslinjer utarbeidd av fylket 

Vi laga ei liste over dei retningslinjene og prosedyrane som fylkeskommunen sjølv har laga for området HMS. Desse finn du i HMS-venstremenyen under HMS-retningslinjer

6.3 Retningslinjer utarbeidd av sektoren

HMS-relaterte retningslinjer og prosedyrar utarbeidd på sektornivå skal vere tilgjengelege i det lokale HMS-systemet (kap. 6) for kvar driftseining.

6.4 Eigne prosedyrar, standardar, retningslinjer etc.

Begrepet "prosedyre" har ulike tydingar i ulike samanhengar. Vi vil difor ikkje gå inn på detaljerte definisjonar her. Vi vil presisere at lokale prosedyrar etc. er laga for å bli følgde. Det er difor viktig at dei blir følgde opp på same måten som dei sentrale forskriftene. HMS-relaterte lokale prosedyrar skal vere tilgjengeleg (direkte eller via lenker) i det lokale HMS-systemet (kap. 6) for kvar driftseining.

Stikkord for kva som er viktige lokale retningslinjer er: Brannsikring, varsling ved ulukker etc. varsling etter forskrift om miljøretta helsevern.

6.5 Ansvar

Leiinga har ansvar for at aktuelle lover, forskrifter og retningslinjer finst på arbeidsplassen. Leiinga har også ansvar for at dei tilsette er kjent med kva reglar dei har å halde seg til i det daglege arbeidet, og at desse vert følgde. Kvar enkelt tilsett har ansvar for å rette seg etter dei instruksane som er sett for ulike arbeidsoperasjonar.

Kva dokumentasjon skal vere oppdatert i det lokale HMS-systemet kap. 6:

  • Liste over dei sentrale HMS-lovene og forskriftene som gjeld for driftseininga med referanse til kvar dei er å finne
  • Liste over retningsliner som gjeld frivillige ordningar som Møre og Romsdal fylkeskommune har slutta seg til, til dømes relevante bransjekrav for miljøfyrtårn
  • Referanse til kvar fylkesrådmannen og sektoren sine retningslinjer er å finne
  • Liste over dei lokale prosedyrane, retningslinjene etc. med referanse til kvar dei er å finne 

Desse dokumenta er nyttige

Desse dokumenta bør dei fleste driftseiningane ha lett tilgang til:

Les meir

Kva dokumentasjon skal vere oppdatert lokalt

Kva dokumentasjon skal vere oppdatert tilgjengeleg i det lokale HMS-systemet:

  • Liste over dei sentrale HMS-lovene og forskriftene som gjeld for driftseininga med referanse til kvar dei er å finne
  • Retningsliner som gjeld frivillige ordningar som Møre og Romsdal fylkeskommune har slutta seg til, til dømes særskilte og relevante bransjekrav for miljøfyrtårn
  • Dei lokale prosedyrane, retningslinjene etc. (td. brann, farleg arbeid, farleg utstyr, risikable arbeidsoperasjonar, etc.)
  • Evt. referanse til kvar sektoren sine retningslinjer er å finne