Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Sjukefråver

Sjukefråver

En sentral målsetting i arbeids- og velferdspolitikken er å redusere sjukefråværet. Intensjonsavtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv (IA-avtalen) har som sitt delmål 1 at fråværet skal ned med 20%, og skal ikkje overstige 5,6%. Det er brei einigheit om at eit lågare fråvær er muleg, spesielt fordi variasjonen innanfor bransjar er stor.

I fylkeskommunen er arbeid med sjukefråvær definert slik at driftseiningane skal jobbe systematisk med førebygging og oppfølging av sjukefråvær i samsvar med HMS-retningsline 02 – Førebygging og oppfølging av sjukefråvær. Dette inneber mellom anna at det skal settast resultatmål for sjukefråværsutviklinga og at det gjennom oppfølgingssamtalar skal utarbeidast oppfølgingsplanar seinast innan 4 veker. Resultatmåla må fastsettast på bakgrunn i analyse av sjukefråværet og sjukefråværsutvikling over tid.

Førebygging

STAMI rapporterer i ein pressemelding at norske og internasjonale undersøkingar tyder på at ein god del av sjukefråværet kan heng saman med arbeidsforhold. Danske forskarar har rekna ut at dersom alle hadde hatt eit like godt arbeidsmiljø som dei 10 prosent som har det beste miljøet, kunne antall personar med sjukefråvær på meir enn seks dagar årleg vore 40 prosent lågare. Tungt fysisk arbeid, belastande arbeidsstillingar og lav kontroll over arbeidssituasjonen er faktorar som er spesielt viktige.

Tiltak på arbeidsplassen som førebygger arbeidsrelatert sjukdom, kan også førebygge sjukefråvær. I tillegg vil sjukefråvær som skuldas ein ubalanse mellom den enkeltes arbeidsevne og jobbkravane, ofte kunne førebyggas eller reduseras ved tiltak på arbeidsplassen, uansett om det er redusert arbeidsevne eller økte jobbkrav som er årsak til denne ubalansen. Dette vil kunne gjelde de fleste sjukefråværstilfeller, som dermed kan sies å være arbeidsrelaterte i vid forstand.

Førebygging av sjukefråvær er avhengig av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med klare signaler om ”korleis skal vi ha det hos oss”, medverknad frå tillitsvalte og tilsette i ”sunn arbeidskulturbygging”. Gode rutinar, føremålstenleg organisering og kunnskap om kva slags muligheiter som finnes, kan hindre at leder og tilsette kommer opp i situasjonar som er vanskelige å løyse. Arbeidsgivar skal i samarbeid med dei tilsette førebygge helseproblemer, tilrettelegge for arbeidstakarar som trenger det og følgje opp medarbeidarar som blir sjuke.

Tilrettelegging/oppfølging av sjukmeldte

Når ein arbeidstakar får redusert arbeidsevne har både arbeidsgivaren og den tilsette plikt til å prøve å finne alternativa som gjer det mulig for den tilsette å fortsette i arbeid.

I forbindelse med den nye IA-avtalen er det nye endringar frå juli 2014 ved oppfølging av sjukmeldte:

  • Arbeidsgivar og arbeidstakar skal utarbeide ein oppfølgingsplan seinast innan 4 ukers sjukmelding.
  • Arbeidsgivar skal sende oppfølgingsplanen til arbeidstakarens sjukmelder.
  • Arbeidsgivar skal kalle inn til dialogmøte 1, som skal være gjennomført seinast innan 7 ukers sjukmelding.
  • Ved delvis sjukmelding skal arbeidstakarar kallast inn til dialogmøte 1 dersom dette er formålstenleg.
  • Bedriftshelseteneste kan trekkast inn i oppfølgingsarbeidet dersom arbeidsgivar eller arbeidstakar ønskjer det. Sjukmelder skal delta i møtet, med mindre arbeidstakar ikkje ønskjer det eller det ikkje anses formålstenleg.
  • Seinast ei uke før dialogmøte 2 skal rapporteringsskjema med oppfølgingsplan sendast inn til NAV.

Vi viser til følgjande flytskjema for krav til oppfølging av sjukmeldte i Møre og Romsdal fylkeskommune:

Altinn

Individuell oppfølgingplan frå dialogmøte skal sendast NAV seinast ei uke før dialogmøte 2 skal holdast. Alle leiarar som har laga ei oppfølgingsplan skal ta kontakt med den saksbehandlaren på driftseininga som har fått i tildelt ei rolle i Altinn. Saksbehandlaren på driftseiningena som har fått tildelt ei rolle i Altinn skal levere oppfølgingsplan til NAV via Altinn for alle leiarar med personalansvar.


Momentliste til rettleiing ved samtale med sjukmeldt medarbeidar

Ein samtale med sjukmeldt medarbeidar skal munne ut i ein individuell oppfølgingsplan for tilbakeføring til arbeidet. Sjå HMS-retningslinje 02 Sjukefråvær - Førebygging og oppfølging. Her følgjer nokre moment som kan vere til hjelp når leiaren skal gjennomføre oppfølgingssamtalar med den sjukmelde (den første samtalen er vektlagt her).

Les meir

Kontaktpersonar

Richard David Anthony Muller Richard David Anthony Muller
Personalrådgivar
71 28 01 73
Send e-post

Dokument