Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Miljøfyrtårn

Miljøfyrtårn

Miljøfyrtårn er ei nasjonal sertifiseringsordning for miljøleiing

Når ei verksemd vil miljøfyrtårnsertifiserast, må den tilfredsstille relevante bransjekrav. Dette blir gjort i samarbeid med en godkjent miljøfyrtårnkonsulent. Konsulenten rettleiar verksemda gjennom arbeidet med sertifiseringa og hjelper med å finne gode og konkrete løysingar. 

Verksender som er sertifiserte leverer inn ein årleg miljørapport til Miljøfyrtårn. Dette gir tilgang til relevante bransjetall og statistikkar. Verksemda må resertifiserast kvart 3. år.

Miljøfyrtårn sine bransjekrav gjeld på følgjande område:

  • Arbeidsmiljø
  • Helse, Miljø, Sikkerheit
  • Innkjøp
  • Energibruk
  • Transport
  • Avfalls- og utsleppshandtering
  • Miljøstyring og miljørapportering

Miljøfyrtårn og Møre og Romsdal fylkeskommune:

Møre og Romsdal fylkeskommune har ansvar for viktige samfunnsoppgåver som vidaregåande opplæring, vegbygging, vegvedlikehald, ferjedrift, kollektivtransport, tannhelse, kulturformidling og kulturminne. Fylkeskommunen er ein viktig regional utviklingsaktør, og samarbeider tett med andre offentlege og private aktørar i utviklinga av fylket. Fylkeskommunen ivaretek også grunnleggjande funksjonar i det politiske systemet og styrker folks inn verknad på samfunnsspørsmål som blir løyst på regionalt nivå.


Vidareføring av miljøfyrtårnordninga

Den tidlegare miljøfyrtårn-koordinatoren i fylkeskommunen Stephen Oommen slutta i stillinga ved årsskiftet. Det er konkludert med å ikkje vidareføre denne stillinga gjennom vanleg nyrekruttering/utlysing. Oppgåvene blir omprioritert og fordelt på eksisterande stillingsressursar.

Les meir

Miljøundersøking i sentraladministrasjonen 2017

Møre og Romsdal fylkeskommune har som mål å arbeide systematisk for å betre arbeidsmiljøet og sikre eit reinare ytre miljø. Fylkestinget har også i Regional delplan for klima og energi vedtatt at fylkeskommunen skal legge klimaomsyn til grunn i all verksemd i eigen organisasjon

Les meir