Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Reinhald og avfallshandtering

Her på Fylkeshuset utfører vi det meste av reinhaldet innanfor ordinær kontortid. Vi er derfor avhengige av eit godt samarbeid med kontorpersonalet slik at vi kan arbeide effektivt, og du får ein trivelegare arbeidsplass.

Kor ofte blir det vaska?

  • Vanlege kontor vil etter planen få besøk av reinhaldaren ein dag i veka.
  • I regelen vil arealet bli vaska på same dag kvar veke. Det for at det skal bli lettare for kontorpersonalet å leggje tilrette for reinhald (t.d. ved å rydde pulten). Golv blir vaska med mopp.
  • Kor ofte eit golv blir vaska, varierer frå stad til stad, alt etter kor mykje trafikk det er. 
  • Toalett og stader med mykje inn-tråkk blir reingjort kvar dag.

I tillegg skal reinhaldaren sørge for high-speed behandling / boning  for å halde standarden på golva oppe. Tepperens / oppskuring går inn i tilbodet. Slike jobbar blir  teke når kontor står ledige, unytta grunna ferie, sjukdom eller reiser. Så langt råd er vil dette skje i samarbeid med etatane.

Slik gjer du det enklare for reinhaldaren:

  • Heng datakablar og andre ledningar slik at dei ikkje når golvet. Rimeleg utstyr for å få orden på dette får du ved vårt varelager.
  • Overflødige sko, tomflasker m.m. på golvet aukar trivselen for hybelkaninane.
  • Krimskrams i vinduskarmar hindrar effektivt støvtørking.
  • Du bør fjerne visne blad frå planter, dersom du har det.

Støvtørking/flekkfjerning

Dette inngår som ein del av det ordinære behovsprøvde reinhaldet. Reinhaldaren tek tilgjengelege flater til nå-høgd. Eit ryddig kontor blir eit reinare kontor.

Reinhaldaren tørkar over for eksempel reolar dersom innhaldet blir  rydda ut. Det er viktig å merke seg:

  • Reinhaldaren har forbod mot å flytte på papir som ligg på skrivebord eller hyller. Dei skal heller ikkje reingjere kontorutstyr som PC’ar, kopimaskiner og tegnebrett. 

Vindusvask

Utvendig vindusvask blir  utført av byrå ein gong i året. Det same skal reinhaldaren gjere på den innerste vindusflata, det vil seie der vinduet er tilgjengeleg. Mange kontor er møblert slik at reinhaldaren må avtale ein liten ryddeaksjon for å få utført jobben. Innvendig vindusvask blir tatt ved høve ein gong årleg. Vindusflatene inne i dobble vindu blir tatt ved behov.

Matavfall

Ved dei fleste avdelingane finn du ei raud bøtte til matavfall. Denne blir tømt kvar fredag.

Avfallssortering

  • Papir. På kontoret ditt finn du ei eske for å samle returpapir til gjenvinning i. Heftestift, binders o.l. treng ikkje fjernast. Det må derimot plastforsider på rapportar o.l. Denne eska blir tømt samtidig med reinhaldet.
  • Restavfall. Alt anna avfall skal i bosskorga. Dette kan vere kulepenner, binders, teposar, kaffe-grut, karbonpapir, plastomslag, isopor, glass, eingongsbeger, gjennomfarga papir og tørkepapir.
  • Plastavfall. I kjellaren finn du eit sekkestativ for å kvitte deg med plastembalasje.
  • Andre typar avfall. Nede i kjellaren står det containerar for dei ulike typene avfall ( F. eks isopor, el-avfall og glass). Når du ryddar kontoret eller har andre former for skippertak, håpar vi du tenker på reinhaldaren og fraktar ned avfallet sjølv.

Makulering

Kvar enkelt må ta ansvar for at papir som skal makulerast.

I kjellaren står ei stor makuleringsmaskin (NATO-godkjend) dersom du treng makulering. Døra er låst, så du må ha med deg nøkkelen din. Makuleringsmaskina er enkel å betene og uhyre effektiv. Det einaste som krevst i tillegg makuleringsprosessen er at du ryddar etter deg og sett fulle makulerings-sekkar ut til containerane for papir.

Visste du at ...?

Fellestenesta reingjer 23 000 kvm golvareal.

Spørsmål?

Ta gjerne kontakt med vår reinhaldsleiar Margrete Stenløs på tlf. 46 62 49 39 eller ass. reinhaldsleiar Britt Evy Tretnes på tlf. 41 21 42 45. Du kan også sende e-post til reinhald@mrfylke.no

Kontaktpersonar

Margrete A Stenløs
Kst. reinhaldsleiar
71 28 04 24
Send e-post
Britt Evy Tretnes
ass. reinhaldsleiar
41 21 42 45
Send e-post