Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

IT-strategi

IT-strategi for Møre og Romsdal fylkeskommune 2016 – 2019 legg føringar for kor Møre og Romsdal fylkeskommunen ønsker å vere innanfor IT-området i 2020 . IT er ein sentral del av kvardagen til dei tilsette. Dette gjeld om du står i klasserommet på ein vidaregåande skule, behandlar pasientar på ein tannklinikk, eller om du jobbar som saksbehandlar. IT er avgjerande for at Møre og Romsdal fylkeskommune skal løyse samfunnsoppdraget sitt. IT-strategien skal understøtte Møre og Romsdal fylkeskommune sin visjon om å vere ”Ein tydeleg medspelar”.

IT-strategi

Strategien består av ein strategisk del som gir retning for kva vi ønsker å oppnå dei neste fire åra. Den andre delen er ein operativ del, som tar for seg kva for innsatsområde som skal bidra til at vi når desse måla. I tillegg til vektlegging av teknologiske føringar, ønsker IT-strategien å bygge opp under det viktige digitaliseringsarbeidet. Dette er nødvendig for å oppretthalde gode offentlege tenester i framtida. IT skal vere noko meir enn IT-tekniske verktøy. IT skal legge til rette for at kvar enkelt kan jobbe meir rasjonelt.At kvar enkelt skal jobbe meir rasjonelt, betyr at dei tilsette kan jobbe på nye måtar. Dei får lettare tilgang til nødvendig infor-masjon, systema er integrerte slik at ein treng berre å lagre data ein gong. I tillegg kan du kommunisere digitalt gjennom tale, tekst og video og du kan samarbeide med andre om dokumentproduksjon. Du får gjort det same som før, men på ein enklare måte.

Konkrete tiltak for korleis vi skal jobbe innanfor innsatsområda er skilt ut i ein handlingsplan der tiltaka er fordelt innanfor strategiperioden – 2016 - 2019. Kvart enkelt tiltak har konkrete mål og tidsfristar.

IT-strategiske mål

Møre og Romsdal fylkeskommune har to IT-strategiske mål. Det eine målet er å gjere fylkeskommunen meir effektiv, med å legge til rette for at dei tilsette kan jobbe på ein enklare måte. Kvar enkelt tilsett skal ha tilgang på dei verktøya som dei treng. Dette skal vi få til gjennom ei rekkje digitaliseringstiltak. Dette skjer både lokalt og nasjonalt, og gjennom samarbeid med andre fylkeskommunar. Formålet med digitaliseringsarbeidet er å bidra til betre kvalitet på offentlege tenester til næringslivet og innbyggarane. For å nå dette, må eksisterande tenester leverast meir kostnadseffektivt enn i dag. I tillegg til eit ønske om å jobbe meir effektivt, må eksisterande IT-tenester driftast profesjonelt, stabilt og sikkert. Dette må vi også ta vare på gjennom den omstillingsprosessen som digitaliseringsprosessane krev.Brukarane blir fornøgde når dei får kvalitet, og vi ønsker å ha fornøgde brukarar.

Digitalisering

Møre og Romsdal fylkeskommune skal gjennom digitalisering forenkle tilgangen til informasjon og tenester, og bidra til at kvar enkelt tilsett kan jobbe meir effektivt.

Profesjonell IT-drift

Møre og Romsdal fylkeskommune skal ha ein profesjonell IT-driftsorganisasjon som leverer IT-tenester med ein kvalitet, som gir fornøgde brukarar.

Kontaktpersonar

Dagfinn Grønvik Dagfinn Grønvik
IT-sjef
71 28 01 49 /
Mob. 959 25 924
Send e-post

Dokument

IT strategi 2016 - 2019
PDF-dokument - 661,86 kB