Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Støtteseksjonar > IT > Nyheter - IT > Kalenderstatus i Cisco Jabber

Kalenderstatus i Cisco Jabber

Cisco Jabber hentar informasjon om tilsette er ledig eller opptatt frå Outlook-kalenderen din. Ulike typar hendingar vil gi forskjellig status. I denne artikkelen finn du informasjon om kva for hendingar i Outlook-kalenderen som gir dei ulike statusane i Cisco Jabber.

Jabber

Når du legg inn noko i Outlook-kalenderen er standard-verdien "Opptatt", og Cisco Jabber viser dette som "I et møte". Altså: Når det står "Opptatt" i Outlook-kalenderen viser Cisco Jabber alltid dette som "I et møte", sjølv om hendinga IKKJE er eit møte.

Når du legg inn ferie, permisjon og anna fråvær i Outlook-kalenderen må du hugse å endre til "Borte / Fraværende", slik at Cisco Jabber viser "Borte".

Når du i Outlook-kalenderen legg inn "Ledig", "Arbeider et annet sted", "Foreløpig" og avtaler merket "Privat", går ikkje denne informasjonen over til Cisco Jabber. Det vil seie at om du er pålogga Cisco Jabber ser andre i organisasjonen deg som "Tilgjengelig" eller ein anna status du har vald sjølv, og om du ikkje er pålogga Cisco Jabber står det "Ikke pålogget".

Dersom du i Outlook-kalenderen har verdien "Opptatt" og ikkje er pålogga Cisco Jabber, ser andre i organisasjonen deg som "Ikke pålogget, i et møte". Tilsvarande for "Borte / Fraværende" som visast som "Ikke pålogget, borte".