Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kommunikasjonsstrategi

Kommunikasjonsstrategi

Du skal alltid ta ei vurdering og stille spørsmål om det du arbeider med, har interesse for andre. Bør andre tilsette i fylkeskommunen vite om dette? Er dette noko som innbyggarane i Møre og Romsdal vil vite meir om?

Dersom det er slik, korleis skal du informere om det? Kommunikasjonsstrategien gir rettleiing og hjelp når du skal ta desse vala.

  • Kommunikasjonsstrategien skal vere eit strategisk verkemiddel på lik linje med andre planar i fylkeskommunen. 
  • Strategien gjeld for alle tilsette. På enkelte punkt vil det likevel vere skilnad for kva som gjeld for sentraladministrasjonen og kva som gjeld for skolane.
  • Vi har også utarbeidd ei handbok i kommunikasjon, som er ein kortare og meir praktisk versjon av strategien.

Kontaktpersonar

Inger Johanne Moene Inger Johanne Moene
kommunikasjonssjef
71 28 01 82 /
Mob. 472 84 003
Send e-post

Kommunikasjonsmål

Måla i kommunikasjonsstrategien er knytt tett opp mot måla i Fylkesplan og arbeidsgivarpolitikken.

Møre og Romsdal fylkeskommune:
• skal vere ein synleg medspelar i regional utvikling
• skal stå fram i ein einskapleg profil
• skal ha ein kultur for samhandling og deling
• skal ha beredskap for krisekommunikasjon

Dokument