Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kronikkar

Kronikk er ein større sakleg artikkel i ei avis eller tidsskrift.

Vi skriv kronikkar når vi ønsker å sette eit tema på dagsorden. Ein kronikk gjer det mogeleg å få spalteplass, utan at saka er bearbeidd av ein journalist. 

Kommunikasjonsseksjonen kan hjelpe deg med ferdigstilling av tekst og med å sende ut kronikkar til media. Vi har ei eiga mottakarliste for kronikkar. Pass på at du ikkje skriv lengre enn 3- 5000 teikn (inkludert mellomrom). Avisa vil korte ned teksten din, dersom den er for lang. 

Ein kronikk er ein eigen måte å skrive på, her er nokre tips:

  • Tittel: skal seie kort kva saka handlar om
  • Ingressen eller innleiinga (ca. tre linjer) må innehalde hovudpoenget i kronikken
  • Bruk mellomtitlar eller underoverskrifter undervegs i teksten
  • Skriv det viktigaste først, start med konklusjonen
  • Gå deretter over til det som underbygger konklusjonen
  • Hald deg til eit poeng om gonga
  • Fakta må vere korrekt, hugs å oppgi kjelder (fotnoter fungerer ikkje i kronikk)
  • Unngå ironi og humor, dette kan lett bli feiloppfatta
  • Unngå forkortingar
  • Forsøk å unngå stammespråk, du skal skrive for alle
  • Bruk eit klart og tydeleg språk (jmf språkprofilen)
  • Unngå lange sitat
  • Sett punktum. Ofte!
  • Det må vere lett for lesaren å skilje mellom fakta/dokumentasjon og dine eigne meiningsytringar
  • Spiss språket ditt. Meiner du spade, skriv spade, ikkje skriv manuelt graveredskap.

Kjelde: Magne Lindhom, Høgskolen i Oslo og Akershus