Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Møre og Romsdal fylkeskommune > Intranett > Støtteseksjonar > Kommunikasjon > Mediekontakt > Kva gjer eg når journalisten ringer?

Kva gjer eg når journalisten ringer?

Som tilsett kan du generelt gi saksopplysningar innafor eige fagområde. Ofte ønsker journalisten berre å innhente fakta. 

For potensielt kontroversielle tema må du ta kontakt med leiinga di og kommunikasjonsseksjonen før du uttalar deg til media. Normalt er det fylkesordføraren, fylkesrådmannen eller kommunikasjonseksjonen som uttaler seg på vegner av heile Møre og Romsdal fylkeskommune. På skolane er det normalt rektor som uttalar seg på vegner av skolen. Ta kontakt med kommunikasjonseksjonen dersom du er usikker på kva du kan seie i ei sak.

Kva gjer du når journalisten ringer?

  1. Kva er det journalisten vil vite? Media sin ver varsom-plakat gir deg rett til å få vite premissane for intervjusituasjonen.
     
  2. Er du den rette til å svare? Hjelp journalisten vidare om svaret er nei.
     
  3. Er saka potensielt kontroversiell? I så fall må du snakke med leiing og kommunikasjonsseksjonen først. Be om å få ringe tilbake når du har fått sett deg inn i saka. 
     
  4. Det er OK å be om ei lita tenkepause, også undervegs i intervjusituasjonen. Eit journalisttriks er å la intervjupersonen snakke seg "varm" om enkle spørsmål først, for så å slå om til meir vanskelege tema.
     
  5. Nokre journalistar vil la deg sjå ei sak før den går på trykk, men dette kan du ikkje kreve. Ver varsom-plakaten gir deg heller ikkje rett til å sjå eigne sitat før dei går på trykk. Det må du i så fall avtale med journalisten ved starten på intervjuet. Det kan vere lurt å inngå ein slik avtale før intervjuet startar.
     
  6. Vart noko feil? Gi i så fall beskjed til journalisten så raskt som mogleg. Dei er heller ikkje interessert i å publisere feile opplysningar.
     
  7. Ein sjeldan gong kan vi oppleve at saka vart ei heilt anna enn vi trudde. Ta kontakt med kommunikasjonseksjonen for rådgiving om kva du skal gjere vidare.

Nokre enkle tips: 

  • Noter ned namnet på journalisten og kva medium han eller ho representerer
  • Ver imøtekommande og korrekt. Still gjerne spørsmål. Kva vil journalisten vite og i kva for samanheng skal opplysningane brukast?
  • Utnytt tida til å førebu bodskap.
  • Lov aldri noko du ikkje kan halde, ring alltid tilbake innan tidsfristen du har gitt.