Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Medieovervaking

Kommunikasjonseksjonen abonnerer på medieovervakingtenesta M-Brain. Alle einingane i fylkeskommunen kan bruke denne tenesta.

Kva er M-Brain?

M-Brain er eit digitalt medieovervakingsverkøy som samlar det som blir skrive om fylkeskommunen i media. Både på nett og papir. I samarbeid med dei forskjellige avdelingane i sentraladministrasjonen, har vi laga lister med nøkkelord som M-Brain søker etter. M-Brain gir berre treff på dei orda vi har definert, og det er derfor viktig at avdelingane gir oss beskjed når listene må oppdaterast.

 

Korleis fungerer det?

Når du abonnerer på M-Brain mottek du ein e-post kvar morgon (måndag til fredag). E-posten inneheld overskrift, ingress og bilde av sakene som har vore i media dei siste 24 timane for avdelinga di. 

Kommunikasjonseksjonen kan også gjere manuelle søk i tenesta dersom det er spesifikke saker du er på jakt etter.

 

Korleis kan eg abonnere på tenesta?

Send e-post til info@mrfylke.no

Skjermbilde mbrain 2017