Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Pressemelding: rutinar

Slik går du fram når du vil sende ut ei pressemelding.

1) Ta kontakt med kommunikasjonseksjonen 

Send ein e-post med utkast til pressemelding til info@mrfylke.no. Om det hastar, bør du ringe oss i tillegg. Kontaktinfo finn du til høgre på denne sida.

2) Kommunikasjonseksjonen går igjennom utkastet 

Vi les igjennom og kjem med forslag til større eller mindre endringar. Målet er å spisse bodskapen og gjere meldinga mest mogeleg interessant for media. Deretter tek vi kontakt med deg med eit nytt framlegg.

  • Det er du som endeleg godkjenner meldinga
  • Du har også ansvaret for å informere eigne overordna om pressemelding
  • Om du legg med bilde, har du sjølv ansvar for å få godkjenning frå fotografen
3) Pressemeldinga blir publisert og sendt ut

Saka blir lagt ut på framsida til www.mrfylke.no. I tillegg blir det sendt ut ein e-post til redaksjonane i dei ulike mediebedriftene i fylket. 

  • Saker som berre har interesse for eit avgrensa geografisk område, sender vi til utvalte mediebedrifter.
  • Alle pressemeldingar frå sentraladministrasjonen skal sendast ut av kommunikasjonseksjonen.
  • Kommunikasjonseksjonen er den som avgjer når det er strategisk riktig å sende ut pressemeldinga til media.