Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Pressemelding: skrivetips

Her finn du ei oppskrift for korleis du lagar eit godt utkast til pressemelding.

Ei pressemelding skal vere kortfatta. Journalisten skal kunne sjå kva saka dreier seg om med å lese overskrifta, ingressen og dei to neste setningane.

Overskrift

Pressemeldingar må alltid ha ei overskrift. Overskrifta skal på ein kort og direkte måte fortelje kva som er det viktigaste. Den skal vere sakleg og informativ. Sitat eller verb gjer overskrifta meir levande. Prøv å lage ei overskrift som er kort, sjølvforklarande og informativ. 

Det viktigaste først- ingressen
Kva er hovudbodskapen din? Start meldinga di med dette i form av ein ingress. Ein ingress er eit kort innleiande avsnitt som oppsummerer hovudpunkta i en artikkel eller reportasje.  Ingressen skal få lesaren til å bli interessert i å lese resten. Her skriv du både hovudbodskapen og konkulsjonen. Vidare i teksten skriv du om konsekvensar, premiss og bakgrunnsinformasjon. Det som er minst viktig, skriv du til slutt. 

Sei det kort
Ei pressemelding bør vere kort og konsis, ikkje meir enn ei A4-side. Går teksten over fleire avsnitt, bør du dele opp med underoverskrifter. Dersom du har mykje informasjon, er det betre å legge ved ekstra dokument i pressemeldinga, framfor å drukne bodskapen i informasjon.

Sei det godt - bruk klart språk
Sei det enkelt og bruk daglegspråk. Unngå bruk av spesialord, som ikkje gir meinig eller gjer det vanskeleg for lesaren å forstå teksten. Forklar kva saka betyr for folk flest. Det beste er å halde seg til ein hovudbodskap, i staden for å liste opp alle poenga du kjem på. Les igjennom teksten fleire gonger, sjekk for skrivefeil og at alle namn og titlar er rett skrive. 

Sitat
Eit sitat gjer pressemeldinga meir dynamisk og levande. Faktaopplysningar (kostnader, omfang ol) eignar seg best som vanleg tekst. Meiningar og vurderingar (kvifor blir dette ein suksess) kan du skrive som sitat. 

Kontaktpersonar
Namn og tittel på kontaktpersonar med mobilnummer og e-postadresser må alltid vere med. I fylkeskommunen brukar vi normalt ein eller to kontaktpersonar på ei sak.  

Bilde
Det er ein fordel om du har eit relevant bilde til meldinga, men det er viktig at vi har lov til å bruke bildet. Spør alltid fotografen om du kan bruke bildet i pressemeldinga. På bilde.mrfylke.no, finn du mange bilde som er merka fri bruk.