Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Treng du bilde?

Bilde- og filmdatabasen vår heiter Fotoweb, og du finn han her: bilde.mrfylke.no
Alle som er tilsette i fylkeskommunen kan logge seg inn med sitt vanlege brukarnamn og passord.

Vi ønsker at alle som har bilde og filmar frå organisasjonen lastar opp dette i databasen. Du må sjølv vurdere om bilda dine er relevante for heile organisasjonen, eller om dei skal ligge i arkivet for din skole eller avdeling. 

Kor godt må eit bilde vere?

Du treng ikkje vere profesjonell fotograf for å legge inn bilde i databasen. Det kan vere like bra med eit «levande» bilde tatt med mobiltelefonen, enn eit bilde som er fototeknisk perfekt. Vi ønsker det skal vere låg terskel for å laste opp i Fotoweb. Før du lastar opp bør du likevel gjere ei grovsortering. Ubrukelege bilde eller veldig mange bilde av same motiv, skal du ikkje laste opp.

Merking/taging av bilda

For at vi skal kunne søke på bilda og filmane i basen, må vi legge til nøkkelord/tags på alle. Til betre bilda eller filmen er merka, til lettare blir det å finne dei.

Rett til bruk

Fotografen har rettane til bilda som han eller ho har tatt,  og må sjølv angi om andre skal kunne bruke materialet, og i så fall på kva måte. Vi ønsker at dei fleste bilda og filmane i basen skal kunne brukast av andre, men det er altså du som fotograf som bestemmer.

Sjølv om fotografen (rettshavar) har godkjend bruk, må vi også spørre personane som er avbilda.

Unntak for dette:

  • ved store folkemengder eller der personen er mindre del av motivet på bildet
  • når bildet viser ei hending som har allmenn interesse
  • bilde som er tatt på offentelege hendingar

Klikk her for å lese meir om retten til eige bilde. Du finn samtykkeskjema til bruk ved fotografering i kolonna til høgre.

Vi gjer merksom på at du berre kan bruke bilde som fylkeskommunen har publiseringsrettar til. Du kan for eksempel ikkje bruke bilde du finn på Google eller andre søkemotorar på nett.

Gratis bildedatabase som har bilde til fri bruk: pixabay.com

Opplæring

Sjå mrfylke.no/elaringsportal

Treng du hjelp til bestilling eller har spørsmål?
Send e-post til kommunikasjonsseksjonen: info@mrfylke.no

Dokument

Samtykke til bruk av bilde (skjema)
PDF-dokument - 84,37 kB
Samtykke til opplasting av bilde
PDF-dokument - 353,56 kB
FotoWeb på Android
PDF-dokument - 758,12 kB
FotoWeb på iOS
PDF-dokument - 703,71 kB
Dele bilde frå FotoWeb - Album
PDF-dokument - 520,74 kB
Opplasting med FotoWeb Desktop
PDF-dokument - 559,98 kB