Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

E-post

E-post er ein av dei mest brukte kanalane for kommunikasjon. Her har vi samla nokre tips, som kan hjelpe deg å nå fram med bodskapen din.
Retningslinjer for e-post finn du her

Generelle tips om e-post

  1. Skriv enkelt, klart og tydeleg
  2. Skriv kort
  3. Kom til poenget: Det viktigaste i ein e-post må stå først
  4. Teksten blir ofte betre om du kuttar den
  5. Er du sint eller irritert? Vent med å sende e-posten. Få nokre andre til å lese den, eller send e-posten til deg sjølv først.
Fem reglar for e-post Tips
Titlar må vere tydelege og lett å forstå

-Spørsmål vekker interesse

-Skriv ny tekst i emnefeltet når du skiftar emne

-Unngå "Hei!" eller tomt emnefelt dersom du vil at e-posten din skal bli lest

Dersom du står på kopilista, er det ikkje forventa at du skal gjere noko

 

-Treng du å sette på kopi?: "Eg vil gjerne vise at eg gjer jobben min...."

-Ikkje skriv beskjedar i e-posten til nokon du har satt på kopi.

-Unngå "kopi med kopi med kopi...."

Spør berre om ein ting/hald deg til eit tema pr e-post!

 

Dersom du likevel må spørre om fleire ting, presiser dette: "No skal eg spørre deg om to ting..." Bruk gjerne nummer eller bokstavar for å skille spørsmåla.
Dersom du må sende til mange på ein gong, bruk blindkopifeltet (konfidensielt) Ver obs på at ein mottakar som står på blindkopi kan trykke svar til alle, og slik svare alle som står som mottakar og i kopifeltet.
Dersom du ikkje kan svare med ein gong, svar kort med eit forventa tidspunkt for når du kan sende eit svar. Då slepp du kanskje purringar....

Generelle tips for tekst på web:

  • Unngå blokkbokstavar. Dei er vankelegare å lese, og det er vanleg "nettetikette" å bruke små bokstavar. BLOKKBOKSTAVAR= skriking på nettet
  • Svart tekst på kvit bakgrunn er enklast å lese
  • Bruk aldri understreking på normal tekst. Understreking kan lure lesaren til å tru at det er ei klikkbar lenke
  • Unngå for mykje halvfeit tekst og for mange trigger-ord (søkeord)
  • Unngå kursiv. Teksten blir vanskelegare å lese
  • Bruk ordentlege kulepunkt (slik som vi har gjort her), ikkje tankestrek