Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Kjøp av katalogtenester

Retningslinjer for kjøp av katalogtenester.

Dette gjeld også ytre einingar som skolar og tannhelseklinikkar.

Betalte oppføringar i katalogar som telefonkatalogen, 1881 osv. er kanalar som passer best i bransjar med sterk konkurranse og der det kan vere tilfeldig kva firma ein kunde vil nytte. Samstundes vil offentlege etatar ha gratis grunnoppføringar i alle katalogar, i alle fall i dei katalogane som er av ein viss verdi.

Det er derfor vedteke at Møre og Romsdal fylkeskommune ikkje skal nytte slike tenester. Dette inneber at alle einingar som i dag betaler for oppføringar i slike katalogar skal seie opp desse avtalane med umiddelbar verknad.

Informasjonsverdien av oppføring i slike kataloger over tid er blitt mindre viktig, og at eigne nettsider no er primærkanal for slik informasjon.

Katalogbransjen er desverre heller ikkje heilt stuerein. Det finst aktørar som opererer med svindelliknande metodar, men fylkeskommunen har også dårlige erfaringar med den største aktøren i markedet, Eniro.

NB!

Fylkeskommunen har blitt kontakta av firma som:
 www.telefonkatalogen.biz
 www.io.no
 www.firmatjenesten.no
www.internettopplysningen.no.

Unngå kontakt med desse selskapa, då desse ikkje er seriøse.
Ein offentleg verksemd som Møre og Romsdal fylkeskommune vil generelt ha liten nytte av å betale for ulike former for katalogtenester på nett.
 

Standard praksis for slike firma er å ta kontakt og be om ein "gjennomgang av registrerte opplysningar". Ofte vil dei også vise til “tidlegare kundeforhold”. Når ein går inn på ei nettside for å verifisere opplysningane, blir ein bede om å trykke på ein knapp og/eller skrive inn ein eigen kode. Det må du ikkje gjere utan vidare, då selskapet i etterkant vil hevde at dette inneber aksept av ein betalt oppføring.

Vi har også opplevd påstandar om at desse selskapa styrer om di verksemd vil vere synleg i søkemotorar som google.no og kvasir.no. Dette er ikkje riktig. Ingen slike firma vil kunne fjerne eller endre di oppføring i slike søkemotorar!

Ta kontakt med  juridisk rådgivar Eirik Jenssen, tlf. 71 25 87 33 eller informasjonsseksjonen om du kjem ut for tvilstilfelle.

Kontaktpersonar

Eirik Jenssen Eirik Jenssen
Rådgivar
71 28 02 88 /
Mob. 916 74 453
Send e-post