Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Nettvett

Her finn du retningsliner for korleis tilsette i Møre og Romsdal fylkeskommune bør opptre på nett.

1) Følg norsk lov, fylkeskommunen sine etiske retningsliner og anna regelverk også på nettet. Respekter opphavsrettar og åndsverk. Ta kontakt med info om du er usikker på kva reglar som gjeld.

2) Ver medviten på kva du ytrar. Tenk at alt du skriv skal kunne stå i ein avisartikkel, også det som blir publisert på intranett. Ikkje legg ut informasjon som kan skade interessene til fylkeskommunen, einingar i organisasjonen eller einskilde tilsette.

3) Vis omsyn og hugs at ytringar på nett lett kan bli misforstått av lesaren. Ironi og likande verkemiddel er ekstra lett å feiltolke.

4) Legg aldri ut sensitive opplysninger på nett, heller ikkje på intranett. Hugs personopplysningslova.

5) Ikkje last ned informasjon som er ulovleg, kan opplevast som krenkande, eller er i strid med interessene til Møre og Romsdal fylkeskommune.

6) Om du deltek aktivt på nett på forum, chat, bloggar eller andre former for nettbaserte diskusjonar, gjer du normalt dette som privatperson og ikkje som offisiell representant for fylkeskommunen. Presisér dette om det er naudsynt.

Bruk av bilete

Den som publiserar bilete eller andre personopplysningar på nettet må halde seg innanfor Personopplysningsloven. Personopplysningsloven skil mellom publisering av situasjonsbilete og portrettbilete. For situasjonsbilete treng du ikkje samtykke ved publisering, medan ein treng samtykke ved publisering av portrettbilete. Eit situasjonsbilete viser ein aktivitet eller situasjon der personane som er med på biletet er mindre viktige enn hovudinnhaldet i biletet. Eit portrettbiletr er eit bilete av ein bestemt person eller ein bestemt gruppe personar. Om du ønskjer å publisere et slikt bilete, må du innhente uttrykkeleg samtykke frå personan(e) på bilete. Publisering av bildete kjem inn under Åndsverkloven § 45c.
 

Dokument

Etikkplakat
PDF-dokument - 343,94 kB