Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Ti råd for betre presentasjonar

Bruk malane våre om du skal lage til ein presentasjon i powerpoint.

Kommunikasjonsseksjonen har normalt ikkje kapasitet til å produsere presentasjonar på vegner av andre. Vi kan gjere unnatak for ferdigstilling av spesielle presentasjonar, som du skal bruke på større, eksterne arrangement. 

Tips for ein god presentasjon:

  1. Sjå for deg ein dag i livet til dei som sit i salen, og referer til noko dei møter kvar dag. På den måten får du betre kontakt med publikum.
  2. Tenk gjennom kvifor folk har kome for å høyre på. Kva er det dei trur dei skal få ut av presentasjonen din? Tenk på det dei ønsker å lære, ikkje det du sjølv ønsker å seie.
  3. Bruk gjerne emosjonelle triggarar. Kva er det tilhøyrarene fryktar? Kva er det som får dei til å ligge vaken og tenke? Vis at du forstår kva de er redde for, og at det du formidlar er laga for å hjelpe.
  4. Forstå at folk ikkje er kome for å bli underheldt, men for å lære. Ver opptatt av verdien av innhaldet i presentasjonen, ikkje på latter og applaus.
  5. PowerPoint skal brukast til å illustrere det du snakkar om – ikkje til å fortelle "alt".
  6. Bruk så få ord som mogeleg i sjølve presentasjonen, bruk heller bilde eller modellar.
  7. Ikkje prøv å fortelje alt du kan. Folk klarar ikkje å ta inn meir enn to eller tre hovudpoeng. Øv deg heller på å gje desse poenga skikkeleg tyngde.
  8. Gode talarar er seg sjølv, og det bør du også vere. 
  9. Ikkje la publikum skremme deg. Ha kontroll på deg sjølv, presentasjonen og utstyret. La publikum leve sitt eige liv.
  10. Øv med ein kollega. Ved å kjøre igjennom presentasjonen med ein kollega eller venn oppdagar du fort om du manglar litt kraft i argumenta, eller delar av presentasjonen er overflødig. Pass likevel på at du ikkje øver deg i hel. Overdriv du øvinga, kan du bli heilt satt ut dersom alt ikkje går etter plana. 
  11. Husk at publikum vil at du skal lykkast!