Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Universell utforming

Vi er forplikta til å gjere informasjon på nettsida tilgjengeleg for alle – altså at all informasjon som blir lagt på våre nettsider er universelt utforma. 

Å vere universelt utforma er eit krav vi er pålagt å følge opp, og det er viktig for oss at alle som som vil, kan lese informasjonen vi legg ut. Nettsida vår er universelt utforma og sørger automatisk for at folk med hjelpemiddel får tilgang til informasjonen som ligg på nettsida vår. Men dette skjer ikkje automatisk i vedlegg som vi lastar opp, og det krev difor at vi veit korleis vi skal lage vedlegg som er universelt utforma. Det er krav om at vedlegg skal vere pdf, det er altså ikkje lov å legge ut word-filer.

Er det skjema som kan fyllast ut direkte på nettsida, så skal ikkje dette lages som vedlegg. Skjema som krev personsensitiv informasjon som feks personnummer må likevel leggast ut som nedlastbart skjema. Og det kan vere behov for å legge ut til dømes rapportar som pdf, men då må du sørge for at dette blir gjort på rett måte for å sikre at dette er informasjon som er lett tilgjengeleg for alle.

Difi har gode oppskrifter på korleis du lager universelt utforma dokument. Det vikitgaste du gjer er å bruke tekststilane i dokumentet ditt!

Kontaktpersonar

Karina Kvammen Karina Kvammen
Grafisk designar
71 28 01 80
Send e-post