Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Tirsdag 17. september 10:00 - Onsdag 18. september 15:30

Scandic Parken hotell, Ålesund

Fylkestannlegens etatssamling 2019

Vi inviterer til fagleg påfyll, erfaringsutveksling og sosialt samvær tirsdag 17. og onsdag 18. september, på Scandic Parken i Ålesund.  
Praktisk informasjon
  • Hotellinfo: Scandic Parken, Ålesund. Som tidlegare legg vi opp til at deltakarane som treng overnatting deler rom to og to på hotellet. Legg inn namn på romkamerat i påmeldingsskjemaet nedanfor. Dei som ønskjer det, kan bo på enkeltrom mot å betale eit mellomlegg på kr. 450,-. Dette beløpet vil bli trekt av den enkelte si lønn, og skal ikkje betalast til hotellet.
  • Biltransport: Vi ber om at skyss til og frå møtet blir samordna og utført på rimelegaste måte.
  • Parkering: Hotellet har parkeringsplassar i garasjen (først til mølla-prinsippet). Det er fleire store parkeringshus i Ålesund: Aksla parkeringÅlesund parkering
  • Kollektiv transport: Frammr.no gir oversikt over buss, hurtigbåt og ferje.
    Nokre døme:
    • Bussavgang frå Kristiansund trafikkterminal kl. 06:00 og Molde trafikkterminal kl. 07:40 med ankomst Ålesund rutebilstasjon kl. 09:47.
    • Bussavgang frå Volda kl. 07:50 med ankomst Ålesund rutebilstasjon kl. 09:47.
    • Bussavgang frå Fosnavåg kl. 08:00 med ankomst Skateflukaia (hurtigbåt) kl. 09:48.
  • For tilsette ved DTK Smøla, DTK Aure, DTK Halsa og DTK Surnadal (som har ekstra lang reisetid) dekkjer arbeidsgivar hotellovernatting også for overnatting frå 16. til 17. september.
  • Reisetid utanom ordinær arbeidstid blir kompensert time for time.
  • Deltidstilsette som ikkje har arbeidsdag gjeldande kursdag får skrive ordinær arbeidstid til avspasering etter avtale med klinikkleiar.
  • Etatssamlinga tel 11 timar i NTFs etterutdanningssystem. (Medlemmene kan sjølv registrere timane etter endt møte.)
  • Det blir satt av tid til fagforeningsmøter etter endt fagprogram tirsdag 17. september.
  • Omvisning på Ålesund kompetanseklinikk for dei som ønskjer det (etter programslutt dag 1).
  • Påmeldingsfrist fredag 30. august.
Bilde frå Aksla i Ålesund med utsikt over byen

Desse ressurspersonane møter du på etatssamlinga:

Karin
Karin Sjögren, gir oss innføring i Motiverande intervju som samtalemetode for å motivere til åtferdsendring. Sjögren er Tannlege dr.odont. i kariologi, med over 20 års praksis som tannlege. Hennar spesialområde er kommunikasjon, arbeidsmiljø og pasientkommunikasjon. Meir informasjon her: http://www.karinsjogren.se/karinsjogren.se/Valkommen.html
Rune
Rune Sundt er opplæringskonsulent på Stiftelsen Fossumkollektivet med ansvar for opplæring av ansatte i temaer som avhengighetsutvikling- og forståelse og traumesensitiv rusbehandling.
25 års erfaring med behandling av rusavhengige – først som medboende miljøterapeut, senere som leder av forskjellige avdelinger og de siste 10 år som del av fagavdelingen på Fossumkollektivet.
Sammensatt utdanningshistorie med biter fra lærerutdanning, barnevernpedagogutdanning og videreutdanning innenfor systemisk forståelse og behandling av psykisk syke i behandlingsfellesskap for rusavhengige.
Ff
Siden 2008 har Forandringsfabrikken systematisk innhenta kunnskap frå barn og unge om korleis dei opplever møta med offentlege myndigheiter og tenester. Barnevernsproffene deler erfaringaer og råd om sine opplevingar med tannhelsetenesten.
S Lilleholt
Overtannlege Siv Lilleholt er utdanna tannlege ved UiO i 1992, og har mange års erfaring frå den offentlege tannhelsetenesta i Møre og Romsdal, Rogaland og Hedmark. Sidan april 2018 har ho vore overtannlege i Kristiansund kompetanseregion. Ho har over fleire år undervist på tannpleierutdanninga ved Høgskolen i Innlandet, mellom anna i temaet omsorgssvikt. Lilleholt har vore kontaktperson for tannhelsetenesta i Hedmark opp mot barnevernet i 8 år. I tillegg til den odontologiske utdanninga har Lilleholt tatt etterutdanning i odontofobi og omsorgssvikt, og har erfaring som paraplytannlege for TOO Elverum. 
Fylkestannlegens etatssamling 2019 - påmeldingskjema
  1. Ved å sende inn dette skjemaet samtykker du i at opplysningane om namn, arbeidsstad og funksjon (ingen andre opplysningar) blir gjort synleg for andre på web. Om du ikkje er komfortabel med det, send påmelding på epost til liv.reidun.lien.mjelve@mrfylke.no
Vis innsendte svar »

Kontaktpersonar

Morten Larsen Morten Larsen
Administrasjonsleiar
71 28 02 03
Send e-post
Liv Reidun Lien Mjelve Liv Reidun Lien Mjelve
Konsulent
71 28 02 02 /
Mob. 938 35 160
Send e-post

Rammeprogram - fylkestannlegens etatssamling 2019

17. september

(09:30 Registreringa opnar)
10:00 Registrering, kaffe og ein matbit.
10:30 Opning. 
Fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik
10:50 Fylkestannlegens time og merksemd til medarbeidarar med 25 års teneste.
Fylkestannlege Anthony Valen
12:00 Motiverande intervju.
Tannlege dr. odont Karin Sjøgren
13:00 Lunsj
14:00 Motiverande intervju
15:45 Kompetanseklinikk, pedodonti og henvisningsrutiner
16:30 Avslutning
16:30 Møte i arbeidstakarorganisasjonane
17:00 Omvising og orientering - Ålesund kompetanseklinikk (frivillig)
20:00 Tapasaften, musikalsk innslag og sosialt samvær

18. september

08:30 Omstilling 2020 - tannhelsetenesta ved eit vegskilje
09:45 Barnevern.
Overtannlege Siv Lilleholt
10:45 Barnevernsproffene fra Forandringsfabrikken.
12:00 Lunsj
13:00 Rus, psykiatri og frykt. Hvordan møte på beste måte.
Opplæringskonsulent Rune Sundt, Fossumkollektivet.
15:30 Avslutning