Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Torsdag 26. september 09:00 - Torsdag 26. september 15:30

Scandic Alexandra i Molde

Personalseminar- og omstillingsverkstad 26.september

Fylkesrådmannen arrangerer personalseminar med verkstad torsdag 26. september på Scandic Alexandra i Molde. Omstilling 2020 er tema for dagen.

Dagen er obligatorisk for alle tilsette i sentraladministrasjonen. I tillegg inviterer vi rektorane, overtannlegane og dei hovudtillitsvalte. Her vil det gitt orientering om status for arbeidet med dei ulike tiltaksområda og delprosjekta i «Omstilling av organisasjonen mot 2020». Dette er informasjon som alle tilsette bør vere kjent med og det er derfor lagt til rette for at første del av dagen kan følgjast av andre tilsette gjennom streaming. I andre halvdel av dagen blir det gjennomført verkstad med involvering av tilsette i vurdering av alternative modellar til ny administrativ organisering. Lenka til streaminga blir lagt ut torsdag morgon på intranett.

Program:

  • Kl 09.00: Opning ved fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik
  • Kl 09.20: Møre og Romsdal som region mot 2025 v/prosjektleiar Oddny Wiggen
  • Kl 0930: Om samanhengane i Omstilling 2020 og opplegg for dagen v/hovudprosjektleiar Dag Lervik
  • Kl 0950: Gevinstrealisering – innovasjon og digitalisering v/delprosjektleiar Kristin Ålmo (P2)
  • Kl 1010: Pause
  • Kl 1025: Organisering av IT-tenestene (P3) v/delprosjektleiar Dagfinn Grønvik
  • Kl 1040: Ny organisering av samferdselsområdet (P7) v/delprosjektleiar Magne Arild Vinje
  • Kl 1100: Organisering og struktur tannhelse (P5) v/delprosjektleiar Anthony Normann Valen
  • Kl 1115: Vidaregåande skole- og tilbodsstruktur (P6) v/delprosjektleiar Kariann D. Flovikholm
  • Kl 1135: Lunsj
  • Kl 1230: Introduksjon til verkstad – prosessen for ny administrativ organisering og presentasjon av alternative modellar v/Agenda Kaupang og hovudprosjektleiar
  • Kl 1315: Pause
  • Kl 1330: Verkstad med involvering av tilsette i arbeidet med vurdering av alternative modellar
  • Kl 1530: Slutt for dagen

-----------------------------------------------------------------------------------------------------------------

Opplegg for verkstad etter lunsj

  • Arbeidet i gruppene skjer etter verkstadmetodikk:
    • 1 ordstyrar, 1 referent (valt på førehand) og 1 passar klokka
    • 10 minutt til individuelt arbeid – 3 minutt rekkeframlegg i gruppa - 30 minutt dialog/drøfting – 10 minutt der gruppa summerer opp innspela frå gruppa. Gruppene køyrer 2 rundar, 1 modell per runde. Gruppene vel først ut 2 modellar dei vil vurdere. Gruppene skal ikkje tilrå ein modell, men kome fram til styrker og utfordringar ved dei ulike modellane med utgangspunkt i definerte designkriterier. Det kan også gis korte innspel til mindre justeringar av modellane.
    • Referenten skriv gruppesvara inn som grunnlag samla framstilling og oversending til prosjektstaben ved dag.lervik@mrfylke.no og Agenda Kaupang v/ Marit Brochmann Marit.Brochmann@agendakaupang.no . Referenten i gruppa nyttar pc (har fått beskjed om å ta med dette i forkant).
  • Deltakarane vel gruppe sjølv. Gruppene vel ordstyrar og ein til å passe tida. Referentane fordeler seg på dei ulike gruppene

På høgre side finn du eit notat som seier noko om prosessen og prinspippa vi no jobbar etter for å fastsette ny administrativ organisering.

Kontaktpersonar

Dag Lervik Dag Lervik
Prosjektleiar Omstilling 2020
71 28 01 75 /
Mob. 951 73 038
Send e-post

Dokument

Prosessbeskrivelse og ressursbehov
PDF-dokument - 458,89 kB