Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Presiseringar om fråværsføring

Presisering til fråværsreglementet:

Regelverket frå UDIR 

For elevar

For dei som arbeider i skolen

Presisering til fråværsreglementet:

Fråværsreglementet for Møre og Romsdal ligg her

Siste oppdateringar (07.08.19): 

  • Fråværsgrensa og trafikkopplæring.  Sjå oppdatert fråværsreglement § 11 bokstav h. 

    Deler av køyreopplæringa til førerkort klasse B skal unntas frå fråværsgrensa. Det gjeld tryggleikskurs på bane (4 timar) og andre og tredje del av tryggleikskurs på veg (5 timar køyring på landeveg og 4 timar planlegging og køyring i variert trafikkmiljø), jf. forskrift til opplæringslova og forskrift til friskolelova § 3-3. Det er kun gjort unntak frå dei obligatoriske delane av køyreopplæringa som er vanskeleg å kombinere med skolekvardagen. Det er ikkje gjort unntak fra teoretisk og praktisk førarprøve. Endringane gjeld frå 1. august 2019. 

  • Det skal ikkje førast fråvær for: Avtalt samtale med rektor eller andre ansatte og intervju til læreplass, sjå oppdatert  fråværsreglement § 15 bokstav f og g. 

Fremdeles gjeldande:

  • Uekte legeerklæringar er dokumentforfalsking (og straffbart) - elevane må få vite dette
  • Det kan ikkje førast fråvær som sanksjon for å ikkje levere ei oppgave (dersom til dømes læraren og eleven ikkje er i same rom)
  • Dokumentasjon bør bli vist fram frå første fråværsdag, og takast vare på av kontaktlærar. Dette kan sjåast i samanheng med § 7 i fråværsreglementet som vi har praktisert over lengre tid.
  • Eleven må få høve til å legge fram dokumentasjon før det vert fatta enkeltvedtak om at eleven ikkje får standpunktkarakter i fag.   
  • Dokumentasjonskrav:
    • Legeerklæring ved sjukdom.
    • Kvittering eller stadfesting på planlagte/ akutte timar hos lege, tannlege, sjukehus og liknande
  • Dokument som skal takast vare på etter arkivlova med forskrifter, skal arkiverast som fastsett av skolen/skoleeigar
  • Eleven skal ikkje få fråvær i eit fag når eleven er på skolen og gjer noko anna fagleg. Elevane skal alltid vite kva for eit fag dei har undervisning i. Sjå §§ 5 og 15 i Fråværsreglementet.
  • Eleven skal ikkje få fråvær i timar som skolen etter timeplana har planlagt å tilby, men som likevel fell bort, til dømes grunna utløysing av brannalarm, mangel på vikar eller liknande.
  • Organisert studiearbeid og velferdsgrunnar kan ikkje nyttast for å unnta fråvær i forbindelse med køyreopplæring.
  • Kjem ein elev for seint til timen så skal han/ho ha fråvær i minutt. Det finst inga absolutt grense på når det skal settast merknad på forseintkoming, men når undervisninga har starta så er ein for sein til timen. Har ein ikkje gitt beskjed eller brote ordensreglementet på anna vis, så skal ein ha både fråvær (ein konsekvens) og merknad (straff).
  • Eleven mistar ikkje rett til undervegsvurdering og har rett til å delta i faget sjølv om han/ho ikkje får karakter
  • Skolane bør ha gode rutinar for varsling, vi tilrår varsling etter 5% fråvær og samling og koordinering av varselbrev for utsending til føresette eller elevar over 18 år.
  • Varsel for halvårsvurdering er ikkje gyldig som varsel for standpunktkarakter. Det skal sendast eige varsel når eleven står i fare for ikkje å få halvårsvurdering, og eige varsel når eleven står ifare for ikkje å få standpunktkarakter.
  • Varselbrev skal ikkje annulerast sjølv om eleven kjem med dokumentasjon. Hensikta med varsling er at eleven skal kunne rette opp i fråværet, enten med dokumentasjon, tilstedeværelse eller vurderingsgrunnlag der det er manglande. Rektor må sikre at reglane og rutinene for varsel om fare for ikkje å få vurdering med karakter er kjent for alle lærarane.
  • Skolane bør arbeide med felles handheving av ordensreglementet og rutiner for fråværsføring i sitt kollegie. Skoleeigar viser til artikkel Struktur, regler og rutiner er virkemidler for å fremme læring og trivsel på skolen
  • For å ivareta elevar som har ein vanskeleg livssituasjon kan rektor bruke skjønn for udokumentert fråvær inntil 15%. Dette er ein snever unntaksregel, der årsaka til fråværet er den avgjerande faktoren i den skjønnsmessige vurderinga til rektor.
  • Rektor avgjer om levert dokumentasjon på kronisk sykdom er eigna eller om det er behov for ny eller meir spesifikk dokumentasjon avhengig av eigenarten til faget eller varigheita til erklæringa.
  • Fråvær utan dokumentasjon kan føre til nedsatt karakter i orden eller åtferd, og det er skolen som avgjer kor mange slike merknader som fører til nedsatt karakter.
  • Det er nok med eitt varsel i fag med fleire karakterar, til dømes norskfaget.
  • I språkfaga skal fagkoden til det skriflege faget brukes for fråværsføring i Skolearena/Hypernet.

  

Føring av fråvær på dokumentasjon:

  • Elevar som byttar fag, men fortset som heiltidselev, skal ha fråvær ført på dokumentasjon.
  • Ved fritak i fag, skal ikkje fråvær i faget førast på dokumentasjon.
  • Ved fritak frå vurdering i faget, skal fråvær førast. Eleven har då plikt til å delta i opplæringa.    

Her er ein tabell som viser eksempel på fråværsgrenser for dei ulike årstimetala:

 

      1 termin 1 termin Begge terminar Begge terminar
60 min 45 min Timar pr veke 5 % 10 % 5 % 10 %
56 75 2 2 4 4 8
84 112 3 3 6 6 12
112 149 4 4 7 7 15
140 187 5 5 9 9 19
168 224 6 6 11 11 23
197 263 7 7 13 13 27
215 287 8 7 14 14 29
262 349 9 9 17 17 35

 

Nokre referansar:

Føring av Fråvær: http://lovdata.no/forskrift/2006-06-23-724/§3-47

 Utdanningsdirektoratet blir bedt om å klargjere det nærmare innhaldet i forskrift til opplæringsloven § 3-47 om føring av fråvær i videregående opplæring:

 http://www.udir.no/globalassets/upload/lov_regelverk/tolkningsuttalelser_forskrift_opll/1/oppsummering_fravar_vgs.pdf

 Frå 1. august 2016 er det ei fråværsgrense i vidaregåande skolar. Hensikta er å motivere elevane til jamn innsats, og å forhindre skulk:

http://www.udir.no/regelverk-og-tilsyn/finn-regelverk/etter-tema/Vitnemal/fravarsgrense---udir-3-2016/ 

Kontaktpersonar

Gry Rishaug Hansen Gry Rishaug Hansen
Rådgivar
71 28 03 98 /
Mob. 416 43 033
Send e-post
Monica Solheim Monica Solheim
Rådgiver
71 28 03 99 /
Mob. 930 27 676
Send e-post